Om gapahuken:
Gapahuken i Sundveshaugane er bygga av FAU, og er eit flott samlingspunkt for elevar og foreldre. Den ligg ein kort spasertur ovanfor skulen, i fine omgjevnader. Her er det både bålpanne, benkar og god plass til aktivitetar og leik.
Bruk av gapahuken:
Gapahuken kan nyttast av alle klassar til miljøkveldar, samlingar og turar. Den eignar seg godt til enkle aktivitetar som grilling, naturleik, quiz eller felles måltid rundt bålpanna. Foreldrekontaktane kan ta initiativ til å bruke gapahuken, send ein kort sms til Elin/Oddvin Sundve (grunneigar) på tlf 911 11 326, så veit dei at de kjem!
Tilrettelegging og ansvar:
FAU har ansvar for vedlikehald av gapahuken.
Foreldrekontaktane må sørgje for rydding etter bruk.
Ta med ved, fyrstikker og eventuelt sitjeunderlag.
Hugs å sjekke brannreglar ved bruk av open eld, og ta med vatn til slukking.
Tips til aktivitetar:
Felles grilling eller bålkveld
Natursti, rebusløp, gjemsel, boksen går, quiz eller anna leik for barn og foreldre