1. Føremål med nettsida
Nettsida skal fungere som ein informasjonskanal for foreldre og føresette ved Vossestrand barne- og ungdomsskule. Føremålet er å dele vedtekter, årsplanar, møtereferat og kontaktinformasjon til FAU-styret for å sikre god informasjonsflyt og kontinuitet i foreldrearbeidet.
2. Kva for opplysningar vi behandlar
FAU handsamar berre nødvendige personopplysningar:
Kontaktinformasjon: Namn og rolle på medlemmer i FAU-styret (leiar, nestleiar, kasserar, skrivar).
Møtereferat: Referat frå FAU-møte blir publiserte her. Vi passar på at referata ikkje inneheld sensitive personopplysningar eller teiepliktig informasjon om enkeltelevar, føresette eller tilsette.
3. Bilete og samtykke
Som hovudregel publiserer vi ikkje bilete av barn eller føresette på nettsida. Dersom det i spesielle tilfelle er ønskjeleg å publisere situasjonsbilete frå arrangement (t.d. 17. mai eller dugnad), vil dette berre skje etter at vi har henta inn aktivt samtykke frå dei det gjelder (eller føresette for barn under 15 år).
4. Lagring og sletting
Personopplysningar (namn/rolle) blir sletta eller oppdaterte ved kvart nye skuleår når nytt FAU-styre er valt.
Møtereferat blir arkiverte på sida i inntil 5 år før dei blir fjerna frå den opne nettsida.
5. Dine rettar
Alle som er nemnde på nettsida, har rett til å få opplysningane sine retta eller sletta. Henvendingar om dette kan sendast til fauvossestrand@gmail.com
6. Databehandlar
Nettsida og e-posten vår blir drifta av www.sites.google.com som fungerer som databehandlaren vår. Sjå meir her: https://policies.google.com/